Ashes to Ashes

Ashes to Ashes
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side

Move On

Språk engelsk
Utgjeve 1. august 1980
Innspelt Power Station, New York, februar 1980
Good Earth, London, april 1980
Sjanger
Lengd 3:35 (singel)
4:23 (album)
Selskap RCA Records
BOW 6
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Crystal Japan»
(1980)
Ashes to Ashes «Fashion»
(1980)


«Ashes to Ashes» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980 og vart den andre førsteplassen til Bowie i Storbritannia. I tillegg til den musikalske kvaliteten er songen kjend for den nyskapande musikkvideoen, regissert av Bowie og David Mallet, og var på den tida den dyraste musikkvideoen som var laga til då.

Teksten omhandlar på ny karakteren Major Tom frå den tidlegare Bowie-songen «Space Oddity», som han igjen refererte til i 1995 på songen «Hallo Spaceboy» og i 2015 med «Blackstar». Songen har nyskapande lagdelt gitarsynth framført av Chuck Hammer. Melodien i songen vart remiksa i 2013 på singelen hans «Love Is Lost». Den originale tittelen på songen var «People Are Turning to Gold».[3]

I eit intervju i 1980 skildra Bowie songen som «eit barnerim for 1980-åra. Eg trur barnerima i 1980-åra kjem til å bli som barnerima frå 1880- og 1890-åra som alle var heller fryktelege og hadde små gutar som fekk øyro skorne av og slikt.»[4] Fleire år seinare har Bowie sagt at med «Ashes to Ashes» «oppsummerte eg verkeleg 70-talet for meg sjølv, og det ser ut til å vere ein god nok epitaf for det».[5][6]

AllMusic-kritikaren Dave Thompson skildra songen og den tilhøyrande videoen som «ei særs medviten erkjenning av det då gryande New Romantic-miljøet.»[7] Han vart rangert som den femte beste singelen i 1980 av NME.[8]

  1. Lynch, Joe (18. august 2021). «10 Brilliantly Bizarre David Bowie Videos». Billboard. Henta 6. august 2016. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet CMJ
  3. David Currie, red. (1985). David Bowie: The Starzone Interviews. England: Omnibus Press. ISBN 0-7119-0685-8. 
  4. «David Bowie – Scary Monsters Interview, PART 1 (12« Promo, 1980)». YouTube. Henta 29. mars 2014. 
  5. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.29–31
  6. Pegg 2011, s. 29.
  7. Thompson, Dave. «David Bowie – Ashes to Ashes». AllMusic. Henta 6. februar 2016. 
  8. «Rocklist.net...NME End Of Year Lists 1980...». www.rocklistmusic.co.uk. Henta 10. mars 2018. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search